-
BUA Eid
BUA Eid har gratis utlån av utstyr til aktivitet og friluftsliv for privatpersonar, barnehagar, skular, lag, organisasjonar og besøkjande i Stad kommune.BUA står for barn og unge i aktivitet. Hovudmålgruppa er barn og unge, men familiar og vaksne/eldre kan også nytte seg av dette tilbodet. BUA EID har utstyr til både land- og sjøaktivitetar; til overnatting, fjelltur, sykling, padling, leik og moro! BUA EID held til ved LA-bygget på Langeland.
Aldersgruppe:
Del på:
-
Datahjelp på Eid Frivilligsentral
Er det ei nettside du treng hjelp til å finne fram på? Noko rart som dukkar opp på mobilen din?Ein app du vil lære eller installere? Finne ut kvar ting er lagra? Dele bilete frå mobil til Facebook? Måndagar mellom kl. 11:30-14:30 kan du kome innom Eid Frivilligsentralfor å få hjelp med nettbrett, mobil, Mac eller Windows-PC.
-
GRATIS YOGA FOR 50 +
Frå veke 38 – 50 tilbyr frivilligsentralane gratis yoga for Godt vaksne. Instruktør er Gry Hansen v/ Bygda Yogaskule via whereby. To gangar i veka kan ein logge seg på og vere med frå kor som helst. Måndagar kl. 12.00 og torsdagar kl.: 16.30. Ein treng berre ein pc, nettbrett eller ein mobil. Måndagane kan ein komme på frivilligsentralane å gjere yoga saman med andre. Vi loggar på stormskjerm :) Vi har valgt å kalle målgruppa for godt vaksne for å ha ei litt rund «aldersgrense» Med godt vaksne tenkjer vi 50 +, men det er ingen som vil be om legitimasjon og sjekke alder. 😊 Og ein vil oppfordre yngre om å gjere yoga saman med besteforeldre eller andre. Les meir om tilbodet og få link til yogatimane og bruksanvsining til whereby. :
-
Handlehjelp
Treng du hjelp til handling og levering av matvarer? Sit du i karantene eller er i risikogruppe? Manglar du ein pårørande eller nokon i nærleiken som kan hjelpe deg? Då kan du nytte deg av dette tilbodet. - Merk at nokre butikkar har eigne tenester, medan andre samarbeider med frivilligsentralane i Eid og Selje.
-
Hjelp ein sambygding/Praktisk hjelp
Sit du i karantene eller er du i risikogruppa. Treng du hjelp til mindre praktiske gjeremål utanfor heimen. Då kan du kontakte Frivilligsentralen på nett eller på tlf. 41460042, så skal vi prøve å hjelpe. Eid Frivilligsentral treng også fleire frivillige til å hjelpe til med slike småoppdrag. Bur du i indre deler av Stad kommune (frå Bryggja og austover) så ta kontakt.