Kafé på Elvebøen (Avlyst)

Kvar torsdag i skuleåret har 9. klasse på Eid Ungdomsskule kafe på fellesarealet på Elvebøen omsorgsbustader. Kafestart kl. 11.30. Alle som bur på Elvebøen, og tilreisande gjester er velkomne til å melde seg på og vere med.

På Elvebøen lagar elevane til middag og aktivitetar. Dette er svært populært hjå kafèdeltakarane. Det vert laga mykje god mat, det er god prat og mykje moro rundt bordet. Eid Frivilligsentral organiserer rutinene i drifta av kafeen, og stiller med ein vaksen frivillig på kvar kafédag. Skuleåret 2017/2018 laga 9. klassingane heile 355 middagar på Elvebøen.

Har du lyst til å vere frivillig hjelpar? Ta kontakt med Eid Frivilligsentral på tlf. 41460042 eller kom innom oss i Eidsgata 9.

Flere aktiviteter

BUA Eid

BUA Eid er open nokre dagar kvar veke. Opningstidene vert annonsert kvar veke på BUA Eid sine facebooksider (sjå lenke nedanfor). Pga Koronasituasjonen får ein ikkje komme inn på BUA Eid. Vi ynskjer at du har gjort klar ei liste over kva du ynskjer å låne på førehand, og så hentar vi utstyret for deg. Gå gjerne inn på bua.io og sjå kva utstyr vi har tilgjengelig! 😀

Handlehjelp

Treng du hjelp til handling og levering av matvarer? Sit du i karantene eller er i risikogruppe? Manglar du ein pårørande eller nokon i nærleiken som kan hjelpe deg? Då kan du nytte deg av dette tilbodet. - Merk at nokre butikkar har eigne tenester, medan andre samarbeider med frivilligsentralane i Eid og Selje.

Hjelp ein sambygding/Praktisk hjelp

Sit du i karantene eller er du i risikogruppa. Treng du hjelp til mindre praktiske gjeremål utanfor heimen. Då kan du kontakte Frivilligsentralen på nett eller på tlf. 41460042, så skal vi prøve å hjelpe. Eid Frivilligsentral treng også fleire frivillige til å hjelpe til med slike småoppdrag. Bur du i indre deler av Stad kommune (frå Bryggja og austover) så ta kontakt.

Internasjonal kafê

AVLYST

Kringom sin Serviceskyss i Stad kommune

Serviceskyssen er eit dør- til- dør transporttilbod som kan nyttast av ALLE. Serviceskyssen kostar 30 kr kvar veg. Alle som reiser med serviceskyssen må tinge plass kvelden før. Rutenene startar kl 10.00 med retur kl 13.00. Ruter kvar tysdag og laurdag. Tinging av skyss og ruteinformasjon : EID TAXISENTRAL tlf 57860809. Serviceskyssen er eit samarbeid mellom Vestland Fylkeskommune - Kringom, Stad kommune og Eid Taxisentral.

2020 © Eid frivilligsentral