Bli med på tur

Aldersgruppe: For alle

Flere aktiviteter

Aktive eldre i Eid kommune

"Aktive eldre" skal førebyggje einsemd gjennom å aktivisere fleire seniorar/eldre. Prosjektet jobbar for å motverke einsemd, passivitet og sosial tilbaketrekning, og å skape aktivitet, deltaking, sosialt fellesskap og møteplasser. Ønskje er å ta i bruk dei aktivitetar, møteplassar, nærmiljøtiltak og frivillige organisasjonar som allereie fanst i kommunen vår.

Bokkafê på Kulturnatt i Eid

I samband med Kulturnatt i Nordfjord 9. november, arrangerer Eid Folkeakademi og Eid Frivilligsentral Bokkafè på Kringla frå klokka 13.00 til ca 16.30. Her vert det presentasjonar av historiske årsskrift frå store deler av Nordfjord, forfattarbesøk, bokutstilling, sal av kaffi og kake og mykje meir. Vel møtt til ein triveleg ettermiddag med historisk sus over seg!

BUA Eid

Utstyrsbanken Bua Eid er ei utlånsordning for sports- og fritidsutstyr som er etablert ved LA-senteret på Langeland. Her kan alle låne utstyr heilt gratis!

Fredagsforfattar

Siste fredag i månaden, frå klokka 13.00 til 15.30, vil ein ny forfattar frå Nordfjord presentere utgjevingane sine. Det vert sal av mat og kaffi.

Gåve til ein ukjend

Under juletreet i AMFI Nordfjord kan kjende og ukjende legge frå seg julegåver til ein ukjend. AMFI Nordfjord og Nordfjordeid senter i samarbeid med Flyktningtenesta, Frivilligsentralen, NAV samt fleire andre, samlar inn julegåver til dei som ikkje får eller har moglegheit til å gi gåver til sine næraste. Gåvene vert gjeven til personar i Nordfjord.

2019 © Eid frivilligsentral