Nytt frå Eid Frivilligsentral
Kan du bidra? Treng du hjelp?
Her kan du varsle Frivilligsentralen om du kan bidra som frivillig eller treng hjelp. Når du har sendt inn info, tek vi kontakt så snart vi kan.
Kva skjer
Dato | Kl. | Tittel | Sted |
---|---|---|---|
Tor 25.04 | 18:00 | Internasjonal kafê | Kringla - Eid Frivilligsentral - Eidsgata 9 |
Fre 26.04 | 12:00 | SeniorQuiz på Kringla - Eid Frivilligsentral | Kringla - Eid Frivilligsentral - Eidsgata 9 |
Lør 27.04 | 11:00 | Laurdagskafè | Kringla - Eid Frivilligsentral - Eidsgata 9 |
Man 29.04 | 13:45 | Strikkegruppa/fleirkulturell damegruppe | Kringla - Eid Frivilligsentral - Eidsgata 9 |
Tir 30.04 | 11:00 | Sterk og stødig - trim | Møteplassen - Eidsgata 9 |
Velkomne til oss
Finn frivillige organisasjonar og aktivitet på Stad Foreningsportal
Aktivitetar
Er det ei nettside du treng hjelp til å finne fram på? Noko rart som dukkar opp på mobilen din?Ein app du vil lære eller installere? Finne ut kvar ting er lagra? Dele bilete frå mobil til Facebook? Måndagar mellom kl. 11:30-14:30 kan du kome innom Eid Frivilligsentralfor å få hjelp med nettbrett, mobil, Mac eller Windows-PC.
Les merNattevandrarane på Nordfjordeid er eit Stopp Volden-prosjekt. Edru vaksne i alle aldrar bruker 3 timar så mange kveldar ein sjølv ønskjer for å vere tilgjengeleg for ungdom som held seg i sentrum og omegn på kvelden/natta. Det er ein kjekk og sosial tur i lag med andre vaksne i Nordfjordeid sentrum. De vert kjende med ungsomsmiljøet på Nordfjordeid. Det er trygt for ungdomane å vite at Nattevandrarane er ute. De ferdast der ungdomane er og de er ute for at dei skal føle seg trygge. Trykk på hjerte på den/dei dato(ane) du vil gå, og du har meldt deg til vakt.
Les merNår ein er ny på ein stad er det fint å ha kontakt med lokale som kjenner plassen, muligheitane, språket og kulturen. Det er igjennom møte med andre mennesker og deltaking i aktivitet ein blir inkludert og kan trivast. Her kan du melde deg både som Stadven- frivillig inkluderingskontakt, og melde i frå om du har behov for ein Stadven. Det er spesielt stort behov for dette tiltaket no som Stad kommune får mange nye flyktningar. Her vil det også bli behov for frivillige til ulike praktiske oppgåver. (foto: Sigve Rasmussen)
Les mer9 mil kvar dag 365 dagar i året, bringer denne gjengen varm middag ut til abonnentar.
Les merSit du i karantene eller er du i risikogruppa. Treng du hjelp til mindre praktiske gjeremål utanfor heimen. Då kan du kontakte Frivilligsentralen på nett eller på tlf. 41460042, så skal vi prøve å hjelpe. Eid Frivilligsentral treng også fleire frivillige til å hjelpe til med slike småoppdrag. Bur du i indre deler av Stad kommune (frå Bryggja og austover) så ta kontakt.
Les merTrening her kvar tysdag framover frå kl. 11.00 - 12.00. Målgruppe 65+. Treninga er eit gratistilbod og foregår i sittande , ståande og gåande med fokus på balansetrening og styrke i beina. Sterk og stødig gruppe er for deg som er heimebuande og klarar deg godt i eigen heim. Du må vere i stand til å gå uten hjelpemiddel innandørs , men kan erfare endring i bevegelsesfunksjon og vere ustø i enkelte situasjonar. Arrangør av gruppa på Nordfjordeid er Eid Pensjonistlag.
Les merStrikkegruppa/fleirkulturell damegruppe er eit lavterskeltilbod for framandspråklege kvinner, kor vi møtest, snakkar norsk, lærer handarbeid og byggjer eit sosialt nettverk. Kvar måndag på Eid Frivilligsentral i Eidsgata 9 kl. 13.45 - 15.15. Bli med du også!
Les merBUA Eid har gratis utlån av utstyr til aktivitet og friluftsliv for privatpersonar, barnehagar, skular, lag, organisasjonar og besøkjande i Stad kommune.BUA står for barn og unge i aktivitet. Hovudmålgruppa er barn og unge, men familiar og vaksne/eldre kan også nytte seg av dette tilbodet. BUA EID har utstyr til både land- og sjøaktivitetar; til overnatting, fjelltur, sykling, padling, leik og moro! BUA EID held til ved LA-bygget på Langeland.
Les merServiceskyssen er eit dør- til- dør transporttilbod som kan nyttast av ALLE. Serviceskyssen kostar 30 kr kvar veg. Alle som reiser med serviceskyssen må tinge plass kvelden før. Rutenene startar ca. kl 10.00 med retur kl 13.00. Ruter kvar tysdag og laurdag. Tinging av skyss og ruteinformasjon : EID TAXISENTRAL tlf 57860809. Serviceskyssen er eit samarbeid mellom Vestland Fylkeskommune, Skyss, Stad kommune og Eid Taxisentral.
Les merEr du ny i Noreg eller har du lyst til å treffe nye folk? Kom til oss! Det vert internasjonal kafe kvar torsdag kl.18.00 – 20.00 på Kringla Eid Frivilligsentral. Kulturell og sosial utveksling. Spel, prat og moro. Alle er velkomne!
Les merFrå veke 38 – 50 tilbyr frivilligsentralane gratis yoga for Godt vaksne. Instruktør er Gry Hansen v/ Bygda Yogaskule via whereby. To gangar i veka kan ein logge seg på og vere med frå kor som helst. Måndagar kl. 12.00 og torsdagar kl.: 16.30. Ein treng berre ein pc, nettbrett eller ein mobil. Måndagane kan ein komme på frivilligsentralane å gjere yoga saman med andre. Vi loggar på stormskjerm :) Vi har valgt å kalle målgruppa for godt vaksne for å ha ei litt rund «aldersgrense» Med godt vaksne tenkjer vi 50 +, men det er ingen som vil be om legitimasjon og sjekke alder. 😊 Og ein vil oppfordre yngre om å gjere yoga saman med besteforeldre eller andre. Les meir om tilbodet og få link til yogatimane og bruksanvsining til whereby. :
Les merTreng du hjelp til handling og levering av matvarer? Sit du i karantene eller er i risikogruppe? Manglar du ein pårørande eller nokon i nærleiken som kan hjelpe deg? Då kan du nytte deg av dette tilbodet. - Merk at nokre butikkar har eigne tenester, medan andre samarbeider med frivilligsentralane i Eid og Selje.
Les mer